MØTEREFERAT  fellesråds- og soknerådsmøte tysdag 04.06. kl.19.00


MØTEREFERAT  TYSDAG 4.JUNI KL.19.00

Møtet vart halde tysdag 04.06.2024 kl.19.00 på Kyrkjekontorets møterom.

Til medlemmene i Bygland kyrkjelege fellesråd og Bygland og Årdal sokneråd.

 

MØTEREFERAT  TYSDAG 4.JUNI KL.19.00

Møtet vart halde tysdag 04.06.2024 kl.19.00 på Kyrkjekontorets møterom.

Tilstades:

Øyvind Aakhus, Even Simensen, Ann Cecilie Andersen, Gro Tove Frafjord Sandnes, Susanne Hegenscheidt, Kjell Steinbru og Ivar Dahl

Liv Sigrun Upsal og Tor Austad Bjørgum hadde meldt forfall.

Sokneprest Kjell Steinbru opna møtet med Guds Ord og bøn, og minna oss om

Salme 139.

Det var ein del tilhøyrarar tilstades på sakene om Austad kyrkje Tveit og strategi for auka gudstenesteoppslutning.

 

SAKER TIL HANDSAMING:

 

Sak 16/24       Status og vidare framdrift Austad kyrkje Tveit –  Fellesrådssak

SAMRØYSTES VEDTAK:

Det vert innhenta tilbod frå 5 leverandørar på nytt elektrisk anlegg i Austad kyrkje Tveit,  med oppvarming i form av benkevarmarar.

Dette  i høve til løysingsforslag frå Evje Elektriske, framlagt som eige vedlegg i sak 15/24.

I tilbodsforespurnaden vert det teke atterhald om naudsynt kommunal finansiering.

Ein legg og ved tilbodet frå Torgeir Besteland om dugnadsinnsats i samband med installasjon av nytt elektriske anlegg, og ber leverandørane ta kontakt med han for nærare avtale og spesifikasjon av dette.

 

Sak 17/24       Strategi for auka gudstenesteoppslutning – Soknerådssak

SAMRØYSTES VEDTAK:

Ein set av tid til vidare drøfting av dette i neste soknerådsmøte tysdag 13.august.

 

Sak 18/24       Årsfest – Soknerådssak

SAMRØYSTES VEDTAK:

Årsfesten vert i samband med Olsokgudstenesta i Sandnes kapell måndag 29.juli kl.18.00

Kjell Steinbru leier gudstenesta og les årsmeldinga.

Damene i soknerådet ordner grillmat og is.

Karane i soknerådet hjelp til med alt det praktiske.

Susanne Hegenscheidt spør Tønnes Nordgarden Slotte om å spela.

Alle møter klokka 17.00 for å førebu arrangementet.

Kyrkjeverja sørgjer for god annonsering og omtale i Kyrkjebladet.

 

 

Sak 19/24        Orienteringssaker

Sokneprest Kjell Steinbru etterlyser ”møteverter” til gudstenestene. Me tek det opp på neste soknerådsmøte.

Til neste år vert planlagte datoar for kyrkjegardsdugnadane handsama tidleg, slik at me kan sørgja for ei grei leiing av desse på alle kyrkjegardane.

Sokneprest Kjell Steinbru ønskjer meir hjelp i samband med konfirmasjon og opplegg rundt dette. Han tek i første omgang kontakt med KVS Bygland, og kjem attende til saka i neste soknerådsmøte.

Det står ein god del gamle gravstøtter utanfor kyrkjegardsmuren på Austad kyrkje Tveit. Kyrkjeverja tek kontakt med Thor Ole Gautestad om eventuell fjerning av desse.

Det vert etter planen felles friluftsgudsteneste for Bygland og Åseral ved Åknes Kapell i Åseral sundag 18.august kl.18.00. Planen er å gå den gamle ”Kyrkjevegen” frå Skomedal til Espelid for dei som er i stand til dette, med oppstart rundt klokka 10.00. Bussar vil då henta dei som har gått ”kyrkjevegen” når dei kjem til Espelid, og så skyssa dei heim att til Bygland etter friluftsgudstenesta.  Ein har tala med Olav Grenstad om å gå opp den gamle ferdselsvegen i forkant, og Even Simensen har høve til å bli med på ”prøveturen”. Ein kjem attende til dato for dette ganske snart.

Øyvind Aakhus seier seg viljug til å distribuera Kyrkjebladet i Grendi og på Longerak.

Bygland, 4.juni 2024

Olav Nilsen

referent

Tilbake